Skuleprisvinnarane imponerte alle

01.10.2018

Årets skuleprisvinnarar imponerte ikkje berre andre elevar frå vidaregåande skular under Forskningsdagane UNG i Bergen 27. september, men gjorde også inntrykk hjå fagmiljøet på nordisk seinare på dagen.

Det er gått eitt år sidan Heggen vgs. i Harstad sendte inn søknad til Holbergprisen i skolen. Årets skuleprisvinnarar, Adele Ellingsen-Grønningsæther, Emilie Jensen og Elin Haugum har fått oppleve mykje i løpet av dette året. Frå at dei gjennom ei tilfeldig samtale kom fram til at dei ønskja å forske på bruken av engelske ord og uttrykk i norsk daglegtale, har dei i løpet av eit hektisk skuleår gjennomført eit sterkt forskningsprosjekt. I prosjektet såg dei nærare på kva samanheng det var mogleg å identifisere mellom norske ungdommars norskkunnskapar og haldningar til det norske språket, samt korleis samanhengen var mellom hyppig bruk av engelske medium og engelskkunnskapar.

Skuleprisvinnarane imponerer

Elevane arbeidde med prosjektet nesten eit heilt skuleår, frå oktober til april. Dei løyste utfordringar med val av kjelder og metode og ulike feilkjelder - som at dei fekk færre respondentar på undersøkinga si enn planlagt - på ein god måte. Resultatet vart ein framifrå forskingsrapport med fleire interessante funn. Det er ein tradisjon i Holbergprisen i skolen at årets skuleprisvinnarar har framlegg på Forskningsdagane UNG. Nytt av året var eit eige arrangement knytt til skuleprisvinnarane, der målet er å oppmode, syne og verdsette ung forsking. I år fekk arrangementet namnet "Ung forsking og norsk språkutvikling," og blei arrangert av Holbergprisen i skolen i samarbeid med Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Det humanistiske fakultetet, Universitetet i Bergen (UiB). Her møtte skuleprisvinnarane studentar og forskarar på nordisk til samtale om prosess, metode og tematikk - med utgangspunkt i deira eige forskingsprosjekt. 

Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, opna arrangementet. Han trakk fram viktigheita av samarbeid mellom etablerte fagmiljø og ung forsking. Det er tydeleg at prosjektet til årets skuleprisvinnarar vekkjer interesse både hos studentar og tilsette, og mange møtte opp for å høyre tankane deira om språkutvikling, og om erfaringane deira med deltaking i Holbergprisen i skolen. Under arrangementet trakk Agnete Nesse, professor i nordisk språk, fram at særleg eitt av funna til elevane var sjeldan kost: Dei fann at mange gutar les betre engelsk enn jenter, nettopp fordi dei nyttar mykje tid på engelskspråkklege dataspel. Dette er sjeldan i norsk skuleforsking av i dag, der ein stort sett finn at jenter gjer det betre enn gutar på nær sagt alle områder. 

Døyr norsk "basically" ut?

Under LLE-arrangementet blei det også diskutert om norsk faktisk "basically" held på å døy ut. Elevane fann at norsk kan erstattast skriftleg og munnleg på fleire arenaer, og at dette på lang sikt kan bety store utfordringar for det norske skrift- og talespråket, og til slutt føre til at det døyr ut. Dette blei både utfordra og stadfesta av fagmiljøet ved nordisk, som viste til at mange språk har døydd ut historisk, men også den betydelege tilpassingsevna eit språk har. 

Elevane synte med all tydelegheit at elevforsking kan gje verdifulle innspel til sentrale forskingsmiljø. Så sterkt er prosjektet, at ordstyrar og professor i nordisk språkvitskap, Gunnstein Akselberg omtalte prosjektet som eit potensielt referanseverk som både studentar og fagpersonar kan ha nytte av å lese i og hente inspirasjon frå. Arrangementet på LLE markerer på mange måtar eit sluttpunkt for skuleprisvinnarane. Etter ein periode med framføringar, medieoppslag, heider og ære, fortset dei no den travle skulegangen sin ei ny og stor erfaring rikare. 

Framleis tid til å søke! 

Elevane har skildra prosessen både som utfordrande og lærerik, og ikkje minst inspirerande. Sekretariatet vonar at både lærarar og elevar som har lyst på nyte utfordringar og moglegheiter gri sjansen og sender inn ein søknad. Det er framleis tid, og vi tek i mot søknadar fram til midnatt måndag 1.10! Ta sjansen og søk, så får kanskje akkurat din skule og klasse høve til å forske på eit tema de verkeleg engasjerer dykk i. Er de så heldige at det vert vinnarane av skuleprisen 2019, vil de ha ei spanande til føre dykk, slik skuleprosvinnarane 2018 har hatt.