Meisterklasse med Cass R. Sunstein: "What to do about human error"

Holbergprisen har invitert seks nordiske doktorgradsstipendiatar til Bergen den 4. juni, for å delta i meisterklasse med holbergprisvinnar Cass Sunstein.

Cass R. Sunstein er Robert Walmsley University Professor ved Harvard University og direktør for Harvard Law School sitt program for åtferdsøkonomi og offentlig politikk. Sunstein er særskilt kjent blant anna for sitt arbeid med offentlig politikk, statsrett og demokratiteori, forvaltningsrett og risikoregulering. Forskinga hans har hatt stor innverknad på korleis vi forstår tilhøvet mellom forfatningsrett og det moderne statsapparatet. Frå 2009 til 2012 var han Administrator of the White House Office of Information and Regulatory Affairs under Barack Obama, og arbeidde med ei rekke reformar knytt til tryggingstiltak, luftkvalitet, borgerrettar, openheit i det offentlege, klimaendringar, økonomisk handlingsrom, helsepolitikk og fattigdomstiltak.

Til arrangementet vil kvar deltakar halde eit innlegg på 5 minutt relatert til hovudtemaet: "What to Do About Human Error". Deretter følgjer ein diskusjon mellom Sunstein og doktorgradsstipendiatane med utgangspunkt i innlegga og tekstane som er oppgitt under. Diskusjonen kjem til å føregå på engelsk.
 

Deltakarar

Max Carlin, Lunds universitet – Offentlig rett
Esmaralda Colombo, University i Bergen – Klimarelatert jus
Matthijs Maas, Københavns Universitet – Jus
Valgerdur Solnes, University of Iceland; Københavns Universitet – Jus
Aksel Braanen Sterri, Universitet i Oslo – Filosofi
Jarno Olavi Touminen, University of Turku – Psykologi

Litteratur

For meir informasjon om deltakarane og arrangementet, sjå dei engelske nettsidene.

Podcast

Dato

til 16:00, CEST.
Sted
Auditorium 4, Dragefjellet, Magnus Lagabøtesplass 1
Praktisk informasjon
Arrangementet er åpent for alle, og har gratis inngang.