Ludvig Holberg


Ludvig Holberg-statuen på Vågsallmenningen, Bergen, Norge

Av Gunnstein Akselberg professor og dekan ved Det humanistiske fakultetet, Universitetet i Bergen

Ludvig Holberg har noko å seia oss alle. Alle har vi på ein eller annan måte vore i kontakt med han. Dei fleste av oss har nok møtt Holberg gjennom komediane, særleg Jeppe på Bjerget, Den stundesløse eller Erasmus Montanus. Desse har vi har både gledd oss over, stilt oss forundrande til og hatt sympati med. Holberg har evna til å nå alle til alle tider. Det er ikkje lenge sidan Den stundesløse gjekk for fulle hus på Den Nationale Scene med Bjarte Hjelmeland i hovudrolla og som fekk ung og gamal til både å le og gråta.

Gjennom Holbergprisen som vert delt ut kvart år til ein framståande forskar innom humaniora, samfunnsvitskap, lovkunne eller teologi, er Holberg og Bergen plassert på det globale vitskapskartet. Holbergprisen vart oppretta i 2003 av Stortinget, og dette er sagt å vera Nobelprisen innom humaniora, samfunnsfag, lovkunne og teologi. Prisen er knytt til Holberg av di han i si samtid var knytt til den internasjonale forskingsfronten i alle desse fire disiplinane. Dessutan var han fødd og oppvaksen i Bergen, og i litteraturen sin kjem han ofte tilbake til fødebyen.

I år vert prisen delt ut for femte gongen. Etterspurnaden etter kunnskap om Holberg aukar stendig frå inn og utland. Fleire og fleire vert kjende med Holberg sine skrifter og oppdagar kva for store ressursar som finst i den litterære produksjonen hans. For å koma den jamt aukande internasjonale interessa for Holberg i møte, vert det i samband med prisutdelinga i år gjeve ut ei praktbok om Holberg på engelsk. Tittelen på boka er beint fram Holberg og ho er ei allmenn innføring i Holberg sitt liv og hans store og mangslungne litterære produksjon. Boka er redigert av litteraturprofessor Eivind Tjønneland og holbergspesialisten Gunnar Sivertsen, og dei tematiske artiklane er skrivne av norske og nordiske spesialistar på Holberg og opplysningstida. Her kan vi lesa om kosmopolitten Holberg, om Holberg og opplysningstida, om essayisten Holberg, om Holberg som den første samfunnsvitaren vår, om historikaren Holberg, om Holberg og teateret, om den utopiske romanen Niels Klim, om Holberg sitt kvinnesyn, om Holberg sine radikale tankar om utdanning, og om Holberg i omsetjing. På mange måtar var Holberg eit renessansemenneske for si tid. I tillegg til å vera forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa, var han professor i fleire forskjellige disiplinar ved Københavns Universitet, mellom anna i metafysikk, logikk, latinsk retorikk og historie. Dessutan skreiv han vektig faglitteratur om internasjonal offentleg rett, og han produserte arbeid om teologiske problemstillingar. Holberg følgde godt med i franskspråklege og engelskspråklege tidsskrift, og han hadde sentrale europeiske oppslagsverk og leksikon (encyklopediar) i sitt eige bibliotek. Få i Danmark-Noreg var så velorienterte om kva som rørte seg i den internasjonale akademiske og intellektuelle verda. Samstundes engasjerte han seg mykje for kvardagen og levekåra til den danske bonden.

Holberg var òg musikar. Favorittinstrumentet var fløyta, og han spelte ofte saman med andre i mindre ensemble. Heile livet spela og lytta Holberg til musikk. Ein av favorittkomponistane hans var Arcangelo Corelli, som han nemner i litteraturen sin. I samband med utdelinga av Holbergprisen i 2008 vert det i tillegg til boka Holberg også gjeve ut ein CD med gruppa Bergen Barokk, som er nær knytt til Griegakademiet ved UiB. CD-en er kalla A Holberg recital I. A taste of Italy. Her er musikk av Benedetto Marcello, Johann Christoph Pepuch og Arcangelo Corelli, som Holberg må ha lytta til og spela sjølv. Det er meininga at det skal koma to CD-ar til i denne serien dei neste to åra.

Kvart år finn det i samband med utdelinga av Holbergprisen stad fleire andre Holberg-relaterte arrangement i Bergen. I tillegg til sjølve den store Holbergprisen vert Nils Klim-prisen delt ut til ein framståande yngre forskar innom humaniora, samfunnsvitskap, lovkunne og teologi, og det vert dessutan delt ut prisar til elevar og lærarar i den vidaregåande skulen for granskingar som er ein del av Holbergprisen sitt skuleprosjekt. Parallelt med prisutdelingane vert Holbergdagane arrangerte av Griegakademiet ved leiaren Frode Thorsen. Holberdagane har eit allsidig musikalsk program med musikk frå Holbergtida. Samstundes vert det årleg arrangert eit todagars seminar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Eivind Tjønneland med vekt på litteratur frå nordisk 1700-tal, mellom anna med fokus på Holberg-tekstar.

I Bergen vart det etterlengta Holbergmuséet opna i slutten av oktober i år. Muséet har fått plass i den gamle latinskulebygningen ved sida av domkyrkja, og er eit moderne museum med vekt på ein pedagogisk presentasjon av Holberg sitt liv og virke. Muséet er kome i stand ved eit nær samarbeid mellom Det nyttige selskap, Bergen kommune og Universitetet i Bergen med støtte frå fleire andre gode hjelparar. Måtte dette muséet blomstra og utvikla seg vidare til eit senter for formidling av Holberg og opplysningstida sine ideal, kunnskapar og innsikter.

Dessutan er eit nytt stort prosjekt om ei digitalisert og komplett tekstkritisk nyutgåve av Holberg sine samla skrifter, mynta både på allmenta og på forskarar, nettopp starta opp her i Bergen. Prosjektet er dansk-norsk med forankring i København, ved Det danske sprog og litteraturselskab og Københavns universitet, og i Bergen, ved Universitetet i Bergen. Prosjektet skal gå ut 2014 og har ei kostnadsramme på rundt 50 millionar kroner. På dansk side vert prosjektet finansiert av Augustinusfonden og Kulturministeriet. På norsk side har prosjektet starta opp med finansiering av Universitetet i Bergen, Meltzer-fondet og Sparebanken Vest. Det humanistiske fakultetet, Det samfunnsvitskaplege fakultetet og Det juridiske fakultetet er sentrale aktørar i prosjektet.

Gjennom Holbergprisen har Bergen stått fram som ein internasjonal Holberg-by. I kjølvatnet av prisen har det kome opp mange viktige kulturelle aktivitetar i Bergen, samstundes med at Holberg-aktivitetar som vart etablerte tidlegare, har fått større merksemd. I Bergen står no Holberg-formidlinga sterkt og byen er i ferd med å profilera seg som ein viktig internasjonal forskingsby med vekt på Holberg og opplysningstida i vid meining. Eit viktig mål for Holberg var at vi må ha eit reflektert tilhøve til kven vi er og korleis vi vert oppfatta av andre, for betre å forstå den verda vi lever i. Gjennom boka Holberg har Holbergprisen kome med ei solid fagleg innføring i Holbergs liv og virke mynta på eit internasjonalt publikum som i stigande grad spør etter kunnskap om og innføring i arbeida til den store danske-norske og bergenske forfattaren og vitskapsmannen. Viktige instansar som Bergen kommune, nærigslivet, ideelle organisasjonar og Universitetet i Bergen har etter kvart sett kva for potensiale som ligg i Holberg-formidlinga og Holberg-forskinga. Måtte dette samarbeidet bli styrkt og utvida i åra framover. Her finst ei viktig felles interesse, og her trekkjer lokale, nasjonale og internasjonale krefter saman mot eit felles mål: Større innsikt og kunnskap om mennesket som intellektuelt, kulturelt og humant individ.

Holbergs internasjonale minnepris deles årlig ut til forskere som har gitt fremragende bidrag til humaniora, samfunnsvitenskap, juss og teologi. Prisen er på NOK 4.5 millioner.

Nils Klim-prisen tildeles yngre nordiske forskere under 35 år innenfor Holbergprisens fagfelt. Prisen er på NOK 250 000.

Holbergprisen i skolen er en forskningskonkurranse for elever i videregående skole.

Holbergprisen ble opprettet av Stortinget i 2003.